Her er du nå:  Hovedside Råseglseminar med fokus på låseglet

Råseglseminar med fokus på låseglet

Sjølv om det meste enno er på planleggingsstadiet, går Sunnmøre Kystlag i samarbeid med Sunnmøre Museum allereie no ut med ei innbyding. Dette for at interesserte skal kunne sette av desse dagane i september til seminaret, som er ei gjentaking av suksessen frå i fjor.
 

Av
Admin   11. april 2003, kl.08:41

Utgangspunktet er om  lag det same som sist: Dei satsar på eit dugnadsarrangement, der deltakarane yter etter evne og deler kunnskapar, tankar og problemstillingar med kvarandre.

Dei har snakka direkte med fleire som vil delta. Av desse nemner dei: Erik Andersen, Einar Borgfjord, Saxe Bjørkedal, Frode Bjøru, Arne Emil Christensen, Gunnar Eldjarn, Jon Bojer Godal og Terje Planke. Allereie no kan vi sjø føre oss eit seminar med  høgt fagleg nivå, og mykje å ta med seg for dei aller fleste.

Les invitasjonen i wordformat på www.hildringstimen.no/faximiler/raseglseminar140903.doc


Utskriftsvennlig
versjon


Kommentarer til saken
Kommenter saken