Her er du nå:  Hovedside Mathildes toktplan for 2003 er klar

Mathildes toktplan for 2003 er klar

Drøymer du om ein tur langs kysten rik på opplevingar av natur og kultur? Bli med Mathilde på tokt langs norskekysten. Med den 116 år gamle hardangerjakta får du ein eineståande sjanse til å møta kystens perler på ein heilt unik måte. 2003- programmet er lagt ut.


 

Av
Admin   21. mars 2003, kl.08:35

Seglingstilbodet med Mathilde famnar vidt. Vår og haust seglar det gamle fraktefartøyet som Hardanger Maritime Leirskule. Om sommaren er det kysttokt kor alle kan melde seg på. Turen kan gå langs vestlandskysten, nordover til Florø eller Ålesund. Eller mot Stavanger og vidare til sørlandskysten.

Gå til http://www.museumsnett.no/hfs/segling/index.html for meir informasjon.


Utskriftsvennlig
versjon


Kommentarer til saken
Kommenter saken