Her er du nå:  Hovedside Symposium - Fotogrammetri som dokumentasjonsmetode for småbåtar

Symposium - Fotogrammetri som dokumentasjonsmetode for småbåtar

I samarbeid med KTB Consultants AS har Oselvarverkstaden gjennomført eit pilotprosjekt som dreiar seg om fotogrammetrisk dokumentasjon av ein båt. Dette er ein metode for oppmåling og dokumentasjon av småbåtar som ikkje har vore brukt før, og Oselvarverks
 

Av
Anders Øgsnes   14. november 2000, kl.00:00

I samarbeid med KTB Consultants AS har Oselvarverkstaden gjennomført eit pilotprosjekt som dreiar seg om fotogrammetrisk dokumentasjon av ein båt. Dette er ein metode for oppmåling og dokumentasjon av småbåtar som ikkje har vore brukt før, og Oselvarverkstaden har m.a. fått tilskot frå Riksantikvaren til prosjektet. Utfordringa var å visa at metoden var eigna til å dokumentera dobbelt krumma flater med maksimum avvik på ned mot 1 millimeter. Me vil med dette invitera dykk til eit symposium tysdag 28. november kl. 1000 på Oselvarverkstaden, der resultatet av prosjektet vert lagt fram.

Utskriftsvennlig
versjon


Kommentarer til saken
Kommenter saken